Aktivitetsdag på Tverlandet

Foto: Helene Halland

For eit par veker sidan var det aktivitetsdag på Klatreberget - ein fin samlingsplass på Tverlandet. Tyrkisk mat, bålkaffe/kakao og refleksløype bidrog til ein frisk ettermiddag.

Torsdag 22. november blei det arrangert aktivitetsdag på Klatreberget (Tverlandet) med smaksprøvar på tyrkisk mat. Det er anslått at rundt 40 små og store tok turen denne ettermiddagen. Etter å ha fulgt lyset frå faklane ei lita stund, kom me fram til Klatreberget som glitra i snøfall og bålflammer. 

Til bålkaffien og kakaoen kunne ein nyte trerettars middag fra Tyrkia. Til forrett var det «mercimek köfte», som er ein vegetarrett beståande av bl.a. linser, bulgur, løk, tomatsaus og gode krydder. Hovedretten var «tantuni», som er tortillalefse fylt med bl.a. kjøttdeig, persille, tomat og løk. Til slutt var det dessert og «tarcinnli kurabiye», som er kjeks beståande av bl.a. hvetemel, kanel og valnøtter. Ein fin gjeng frå mottaket hadde lagt ned mange timar i forberedelsane - takk for introduseringa av nye, spennande smaksopplevingar!

Etter mat og drikke var det refleksløype for dei som hadde lyst til det. Hodelykt eller lommelykt blei brukt for å finne refleksar som var plassert rundt om i skogen. Gjennomført løype vart sjølvsagt belønna med premie.

Kombinasjonen av bål, snø og hyggelige folk ga ei koselig stund. Takk for ein fin ettermiddag!


Skrevet av Helene Halland.

På vei inn til Klatreberget.
På vei inn til Klatreberget. Foto: Kari H. Ofstad.
Tilberedning av hovedrett.
Tilberedning av hovedrett. Foto: Helene Halland
Hovedrett med tyrkiske smakar.
Hovedrett med tyrkiske smakar. Foto: Helene Halland
Tyrkisk forrett og dessert.
Tyrkisk forrett og dessert. Foto: Helene Halland