Kunne du dratt på tur med fremmede?

Bildet er tatt på Storronden.
Bildet er tatt på Storronden. Foto: Aud-Iren Lyngseth

Vi blir friskere av å gå utenfor komfortsonen vår. Flere burde gjøre som Helene!

Normalt sett advares vi mot å avtale å møte fremmede. Man bør i hvert fall ikke dra vekk med dem. Helene meldte seg på fellestur gjennom Turistforeninga. Ei hel helg sammen med ukjente. Hvordan gikk det? Her er hennes tanker om friluftsliv, helse og betydningen av å gå utenfor sin egen komfortsone.

Tekst: Helene Halland

Som forholdsvis nytilflytta vestlendingen gjeld det å bli kjent med Bodø, området rundt og dei som bur her. Sidan friluftsliv er «in», tenkte eg at eg måtte melde meg inn i DNT og vidare følgje Bodø og Omegns Turistforening på Facebook. Det var enkelt. I nyhendestraumen kom det opp fellesturen «Yoga retreat på Beiarstua» - ein overnattingstur med yoga den eine dagen og fjelltur den andre dagen. Detta virka spennande, men for å faktisk bli med krev det litt meir enn å berre følgje ei side på Facebook.. Litt meir utfordrande. For det første er eg ingen «yoga-person» og for det andre så kjente eg ingen som skulle på turen. 

Likevel tenkte eg: "Kvifor ikkje?".

Med nokre tastetrykk var eg påmeldt og etter ein tekstmelding og to med turleiaren var samkjøring til Beiarn ordna. Praten gjekk lett i bilen saman med andre som hadde meldt seg på, medan me køyrde i nydeleg haustvêr innover Salten. I bilen sat faktisk fleire som ikkje kjende nokon. 

Foto: Borgny Johannessen

Fellesturane til Turistforeninga er bra på fleire vis. Opphald i naturen ilag med ei gruppe gir oss så nært som gratis påfyll til livskvalitet: latter og energi, nye kjennskap, fellesskap og felles opplevingar, utsikt og landskap ein kan dra fram frå minnet i det mørke vinterhalvåret.

På fellestur kan ein veksle mellom å gå saman med dei i gruppa og å gå aleine og nyte stillheita. I bilen på veg heim frå Beiarn tenkte eg på kor rart, men samtidig godt det er at det går fort frå å ikkje vite kven nokon er til å ha ein følelse av at ein har kjent personane lenger enn dei to dagane ein er saman. 

Foto: Borgny Johannessen

I ei slik turgruppe er deltakarane med grunna indre motivasjon. På eit treningssenter er kanskje færre medlem grunna indre motivasjon og meir grunna ytre press. Ute i naturen er det lite press og ein kan oppleve eit miljø som eg vil påstå er betre for folkehelsa. Der handlar det ikkje om å ta flest repetisjonar i rumpe-øvingar eller oppdatere treningslista på Spotify. For det er nettopp slik det er i dag, i 2018, som i fjor og dei siste åra. 

"Hard styrketrening og lange joggeturar – alt for å føle seg bra og sjå bra ut."

Kanskje mest det sistnemnde. Dette er sjølvsagt òg bra for folkehelsa, men ivaretar mindre tre viktige behov. Me menneske trenger å ivareta dei fysiske, psykiske og sosiale behova. Tur saman med andre ivaretar nettopp desse behova – aktivitet, mindre angst, depresjon og stress og ein kan føle tilhøyrigheit til ei gruppe. Ein nyttar seg meir av spontan merksemd, enn retta merksemd, som blant anna fremjar meistring, avkopling og rekreasjon.

Ut i frå eit folkehelseperspektiv kan me seie at naturen gjer oss friske, glade og me trivast betre med oss sjølve og omverda. Kunne du turt å dra på fellestur utan å kjenne nokon? 

Me liker oss i komfortsona. Me snakkar ikkje me ukjente og i alle fall ikkje aleine. Men eg trur alle har godt av å komme seg litt ut av denne sona, for eksempel gjennom ein tur med ei ukjent gruppe. Sjansen er då stor for nye kjennskap, nye opplevingar og betre helse.

Eg nølte. Kunne eg dra på tur med berre ukjende? Heldigvis turte eg, og fekk ei minnerik helg. Me veks alle på å utfordre oss sjølv. Eg har trua på at dette kan bli ei ny og bra komfortsone som òg fremjar god helse. God tur!

Helene Halland bor og jobber i Bodø. Hun har folkehelseutdannelse, og ønsker at flere skal ta helsefremmende valg. Hun oppfordrer alle til å bli med på fellestur. Gjerne uten å kjenne noen fra før!

Luftig i nord
Luftig i nord