Venner på vinterleir!

Ut på tur, aldri sur!
Ut på tur, aldri sur! Foto: Clara Anna Zweigel

Vinterferie og hyttetur, ein uslåeleg kombinasjon! Det fikk 10 heldige barn i alderen 10-14 år oppleva på Lønsstua forrige veke. Det var lite snapchat og mobilspel, men mykje aktivitet, frisk luft og eit godt felleskap! 

Måndag 19.feruar

Ein spent gjeng med 10 barn og 4 vaksne møtte opp på Bodø togstasjon på mandagen. Etter at alle var kryssa av på deltakarlista og mamma eller pappa fekk klem, kunne turen endelig starte. I godsvogna vart store sekkar og ski pakka, før me fann setene våre i togvogna. «Når tid er me framme?», er det lenge igjen?». Det var ingen tvil om at ingen klarte å venta til at vinterleiren 2018 kunne starta.


Me ankom Lønsdal stasjon kl. 14.10 og bar så sekkane i 10 minutt før me var nede i hytta. Det vart romfordeling, gjennomgang av hyttereglar og litt brødmat etterfølgt av ein kjapp namnelek. Tida går fort, her gjelder det å komme seg ut! Me gjekk tilbake til togstasjonen og henta skia våre. Herifrå gjekk me ein liten skitur bort til ein bakke der det var moglegheiter for å teste skia på hopp og oppleve snø i ansiktet som følgje av tryning.


Tilbake på hytta vart det speling og stemninga steig i takt med temperaturen på hytta. Medan studentane laga pasta bolognese til middag, gjekk turleiarane opp til Saltfjellet hotell for å hente vatn. Då vanntankane var oppfylt var det allereie blitt mørkt ute, så det vart ein spennande tur ned dei bratte bakkane med tankane på slep. I hytta var middagen klar til svoltne barn og vaksne. Etter mat, var det aking i bakken utanfor hytta for dei som ville det. Utover kvelden kom kanskje dagens høgdepunkt – skitur med hovudlykt til eit magisk 500 år gammalt furutre, som hadde tusenvis av grønne lys på seg. «Wooooow» kom det i kor frå gjengen. Vidare på skituren kom me til ein bakke med eit hopp, der nokon hoppa med hodelykta avslått! Då me kom tilbake fra den magiske skituren, hadde studentane laga kake. Det vart akkurat tid til å feire 12-åringen før natteroen kunne senka seg for trøtte leirdeltakarar.

Klar for første skitur fra togstasjonen!
Klar for første skitur fra togstasjonen! Foto: Clara Anna Zweigel

Tysdag 20.februar

Jentene hadde ansvar for frukosten og den stod klar kl. 09 som avtalt. Etter ein god frukost og fulle termosar med kakao/saft, var me klare for å starte skituren opp til Kjemåvatnet. Heile gruppa gjekk samla og i jamt tempo. Etter ein times tid var me framme til det store vatnet og kunne slå leir. Her vart det grilling av pølse og ulike skileikar for å halde varmen i dei mange minusgradene. Etter vel tre timar vendte me nasa mot Lønnstua igjen. No kunne me glede oss til både lange nedoverbakkar og knall og fall.
Då temperaturen hadde stege i hytta og me fekk varmen i oss, var det klart for aktivitet igjen. Nokon leika gjømsel og spela spel i hytta, andre var ute og aka eller hoppa på ski. I tillegg vart det laga fine lyslykter som lyste utanfor hytta heile kvelden. Kl. 20 var me invitert til hotellet. Etter litt historie frå hotelleigaren kosa me oss med vaflar og saft – nokon åt vaflar med sukker, andre åt sukker med vaflar på. Men sukkersjokket blei etter kvart stoppa med snøbading, for dei som hadde lyst til det. Etter ein yatzirunde var de tid for tannpus og leggetid.

Pølsegrilling og bålrøyk hører med!
Pølsegrilling og bålrøyk hører med! Foto: Clara Anna Zweigel

Onsdag 21.februar

Siste dag av leiren var komen og me vakna til knall blå himmel og sol, og frukost laga av gutane. Dei som sov litt frampå var til og med så heldige og stå opp til ei varm hytte. Etter frukost gjekk alle ut med akebrett under armen eller ski på beina. Den tidlige påskesola måtte nytast før avreise. Enten me ville eller ikkje, måtte me ettervart tilbake til hytta for å rydde, pakke og vaske. Sekkane vart bært opp til stasjonen igjen, for så å gå ned til hytta og hente skia. Det var tid for ein siste skitur før toget kom – ein tur bortom det magiske furutreet for å sei ha det.
Plutseleg satt me alle på toget igjen og me var snart tilbake til heimen. Tre dagar med vinterleir var over. Tre dagar med lite snapchat og mobilspel, men med mykje aktivitet, frisk luft og eit godt fellesskap. For nokon flotte deltakarar som var med, håpar me sjåast igjen på neste leir!

Tur-helsing fra leirleiarane Helene og Rune, og studentane Clara og Linda