Fjellskitur til Erlingbu og Bostoliskardet

Fellestur

Dato
12. januar 2020 kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Nærtur, Bodømarka, Rundtur, Erlingbu, Bostoliskardet
Arrangører
DNT ung Bodø, Bodø og Omegns Turistforening
Turkode
BOT20-U-01

Me tar turen på fjellski frå parkeringsplassen på Heia til Erlingbu og vidare rundt Bostoliskaret. Dette vert ein tur med fokus på hygge og naturopplevingar og passar for deg som er mellom 13 og 26 år, og som har stått litt på ski før. Dersom du ikkje har skiutstyr kan du låne gratis på BUA i sentrum. Me ser for oss å ta ein god lunsjpause rundt Erlingbu, med moglegheit for å gå inn dersom vêret ikkje spelar på lag. Ta derfor med ein dagstursekk med nok mat, gjerne noko varmt å drikke, gode klede og sitjeunderlag.  

Turen er om lag 12-13 km i variert terreng. Skiløypa vil stort sett vere i skogen utan opptrakka spor, difor vil det vere anbefalt med fjellski, men langrennsski kan og vere ein moglegheit dersom du ikkje har fjellski tilgjengeleg. Du må enten ha feller eller smørjing til skia.  

Oppmøte: 09.30 på Shell Humørsenteret (Hunstad). Me samkøyrer frå Shell, sei ifrå ved påmelding om du kan stille med bil eller trenger skyss.  

Påmelding: Denne turen er gratis, men ein må likevel melde seg på då det vil vera avgrensa med plass på turen. 

Varigheit: Me startar frå Shell 09.30 og reknar med å bruke rundt 5-6 timar på heile turen. Me vil truleg vere tilbake rundt 15. 

Kontaktinformasjon:

  • Signe Langballe
  • Tlf. 473 97 298

Turledere:

  • Helene Halland
  • Signe Langballe